60 års jubileum - Musikklaget Ekko

Musikklaget Ekko
P. Boks 32
6037 Eidsnes
Gå til innhold

60 års jubileum

Om oss

EKKO 60 ÅR!

Skipingsmøte 31. mai 1953
Då Per Ramnefjell, leiar i 17. mai-komiteen 1953, takka Musikklaget Brage for spelinga på nasjonaldagen, la han til ”…at neste år reknar vi med at vi er sjølvhjelpte med musikkorps”. For på same tid som 17. mai-arrangørane stadig klarare såg behovet for eit korps i bygda, var musikkinteressa tend hos fleire ungdomar i bygda.
Skipingsmøtet vart halde i småsalen på bedehuset 31. mai 1953. Utanom dei aktive, var Per Ramnefjell til stades og leia møtet. Johan Solevågseide vart første formann og Trygve Myrvoll hadde lovd å dirigere det nystarta korpset og det gjorde han i 5 år. Etter dette tok Johan Solevågseide over dirigentpinnen dei neste 25 åra!  

”- ...og ein hadde kjensle av at med dette tiltaket tok ein på seg både ansvar og ikkje so lite offer både med omsyn til tid – til øving og pengar til kjøp av blåseinstrumenter. Det er då å vone at tiltaket vil lykkast til glede og ære for korpset og hugnad for bygdefolket.” (frå protokollen 31.05.1953)

At iveren var stor i byrjinga kan vi lese frå dei handskrivne protokollane våre. Der står det at den første ferien på ein heil månad tok dei i 1957. Då hadde dei heldt det gåande med øving ein til tre kveldar i veka heilt sidan starten!

Musikkstemne, turar og korpscup
Ei rekke arrangement rundt om i bygd og by har Ekko vore med på gjennom 60 år. Både i eiga interesse med korpsmedlemmer, ektefeller og støttemedlemmer og med deltaking på stemner og anna. Vi les frå protokollen frå eit stemne; “ På friluftskonserten fekk Ekko ei vindkule på starten av musikkstykket “Aida”. Så det vart omtrent berre Ida!” Musikk og humor er vel nøkkelbegrepa for Musikklaget Ekko. Den gode tonen er korpset sitt varemerke og dette vart retteleg bekrefta i 1999 då deltakinga i korpscupen enda opp i ein 1.plass i 3.divisjon janitsjar under leiing av Perry Arntzen. Med stort engasjement var han vår dirigent i 15 år, der han var spesielt oppteken av å knytte til seg ressurspersonar utanfrå og vi har hatt mange spanande samarbeidsprosjekt.

Musikklaget Ekko sine årvisse arrangement
Våre årvisse arrangement er Julenattine i Indre Sula Kyrkje, og Gla`dag i samarbeid med Solevåg skulekorps. Desse vart starta same året i 1994 og har vore arrangert kvart år sidan.
Gla`dagen er vår viktigaste inntektskjelde, og vi svært takksame for alle firma som støttar oss med annonser og gåver, og alle personar som velvillig stiller opp.
Musikklaget Ekko har også gjennom 59 år gjort ein heiderleg innsats på 17.mai. Første gong var i 1954 men nye uniformer; Kvit bukse og kvit lue og jakka skulle vere mørk. 17. mai i 1971 var det overrekking av fana som framleis er i bruk. Motivet; -eit bilete av bygda sett mot sør, var mala av Ole Fagermo.

Kulturprisvinnar i 1998
Musikklaget Ekko fekk i 1998 Sula Kommune sin Kulturpris. I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna; ”Ekko fyller til fulle hovedvilkåret i prisen, med ein vedvarande emne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. Musikklaget Ekko held ein god musikalsk standard. Korpset har også teke initiativ til mange spanande musikalske samarbeidsprosjekt opp gjennom åra. Korpset engasjerer seg aktivt i lokalmiljøet på mange måtar. Samt det viktige arbeidet som medlemmar i Ekko har gjort som instruktørar for Solevåg skulekorps”.

Veteranar
Seks av våre fortsatt aktive musikantar var med på å starte Musikklaget Ekko i 1953. Det er Hans Otto Lervåg (75 år), brørne Kåre (86 år) og Leiv Hove (84 år), og brørne Alf (82 år), Helge (79 år) og John Lervåg (77 år). Dei meinar at Musikklaget er ein viktig musikk- og kulturfaktor på indre del av Sula. Gjennom aktiv drift i 60 år, har gamle og nye krefter spela på lag for og stadig å utvikle, utvide og fornye korpset. Musikklaget Ekko er eit annleis korps i dag enn det var i 1953, - men drivkrafta er den same!
Musikk og samspel er den viktigaste årsaka til at dei alle er aktive endå, samt det gode kameratskapet mellom medlemane i korpset, familiane, og å skape noko til glede for andre.
At desse veteranane pluss fleire som kom til etter nokre år, og som framleis er aktive, har mykje og seie for at vi har eit korps i bygda er heilt sikkert. Musikklaget Ekko vart skapt av nokre entusiastiske ungdomar for 60 år sidan og dei er like ivrige, om enn noko eldre.

Harald Førde
Vår dirigent siste åra og i jubileumsåret er Harald Førde frå Langevåg. Han byrja sjølv tidleg og spele og er ein dyktig musikar i tillegg til og vere dirigent. Det er mange korps som har fått verdifull nytte av han sin kunnskap og har vore mykje nytta som instruktør og dirigent. Han har nett gitt seg som dirigent for Langevåg Musikkorps etter 35 år, men er no aktiv musikar der. No dirigerer han Gjallarhorn på Emblem og Musikklaget Ekko.
Harald er seriøs, er klar i talen og meiner det han seier. Teori og teknikk er noko han meiner bør vere på plass i tillegg til god musisering. Han seier at han trivast godt hos oss i Musikklaget Ekko og vi er glade for å ha vår blide, replikksterke og dyktige dirigent!

Jubileumsåret 2013
Musikklaget Ekko starta opp jubileumsåret med å arrangere samarbeidskonsert i Solevågshallen for korps frå Ålesund og Sula. Etterpå var det korpsfest med god mat, underhaldning og dans på Allheim. Dette var første arrangementet Musikklaget Ekko arrangerte i den nye Solevågshallen! I mars arrangerte vi konsert med filmusikk. Den 9. mai deltok Musikklaget Ekko på den årvisse Sommersamlinga, saman med korps frå Sula og Ålesund, med marsjering i Larsgården.
17. mai om morgonen spela Musikklaget Ekko til flaggheising på Kvasnes pluss tre stadar til i bygda. Nasjonaldagen i år var usedvanleg vakker og varm, så det var mange som var sveitte etter toget rundt Valen.

Etter ein tradisjonell 17. mai feiring kjem ein snart like tradisjonell Gla`dag. Laurdag 8.juni er korpsa ute og marsjerer kl.1200 i bygda og inviterer til Gla`dag i Solevågshallen. Å drive eit korps er dyrt. Ein bass som Musikklaget Ekko nyleg har kjøpt kosta rundt 90.000,- kroner og vi har også kjøpt fleire instrument. I år skal vi også supplere uniformene våre på grunn av nye medlemmar, “kroppsendringar” og slitasje. Vi ønskjer at alle i bygd og by kjem innom Gla`dagen og gir oss støtte. Samtidig som vi ønskjer å gi ei god oppleving tilbake.

Til hausten blir det eit spanande prosjekt av og med Haakon Esplo. “Hokus Pokus” er eit familiekonsertprosjekt for korps saman med Haakon Esplo som er musikar og artist. Han opptrer i ut- og innland med eigne førestellingar. Han har mellom anna jobba i Kristiansand Dyrepark og hatt roller i musikalar, revy og teater. Dette er ein unik kombinasjon av musikk, eventyr og ablegøyer for liten og stor. Musikklaget Ekko har invitert med seg Solevåg skulekorps til og vere med som musikarar til denne flotte show-konserten som er retta mot born. I tillegg til musikk, song og moro inneheld konserten buktaling, magiske tryllekunstar og morosame innslag for heile familien. Kom og møt Ridder Rompe m.fleire i Solevågshallen 27. oktober. Merk av datoen på kalenderen, -for dette blir moro!

Jubileumskonserten vår vil finne stad den 17. november i Solevågshallen. Då ønskjer vi å syne fram bygda for 60 år sidan med ei reise fram til i dag. Dette ved hjelp av bygdebilete og historie, samt masse god musikk. Der blir servert nostalgiske perler og nyare musikk.

Laurdag den 21. desember er det atter Julenattine i Indre Sula kyrkje med vakker julemusikk som gir oss den rette julestemninga. I år vil Flisneskoret vere saman med oss.

Musikklaget Ekko 60 år
Musikklaget Ekko er ein livskraftig 60 åring som ikkje er redd for å prøve nye ting, gå nye vegar. Med ei historie som korpset har god grunn til og vere stolt over, må blikket likevel rettast framover, til nye utfordringar, nye mål. Dei gode minna og opplevingane legg eit godt grunnlag for arbeidet framover. Det er planlagt mange spanande arrangement framover og vi vonar og sjå deg på våre arrangement. Spelar du eit instrument og har lyst til og byrje i Musikklaget Ekko er du hjarteleg velkomen. Vi i korpset er ein speleglad og munter gjeng som har det triveleg saman. Musikk og humor i skjønn harmoni er varemerke for Musikklaget Ekko.

-Gunn Bente Solevåg-

      Musikklaget Ekko             Web ansvarlig  Odd Arne Lervåg
Tilbake til innholdet