Begynne i korpset - Musikklaget Ekko

Go to content

Main menu:

Begynne i korpset

Medlemmer

Kontaktannonse;

Etterlyser Musikanter!   Eg har alt du kan drøyme om!  

Eg har unge damer og vaksne damer, unge menn og vaksne menn.
Eg har musikantar i alle fasonger; -men fasong har dei! Eg har musikantar som er humørfylte, livsglade, glad i ein god
replikk og glad i å spele saman.
Eg kan tilby godt kameratskap, der dei eldste hos meg har vore med i 58 år; -så lenge det har vore liv i meg!
Eg er trufast og er ein viktig ”person” i kulturkommunen Sula. Eg prøver å spreie glede og god musikk kvar gong eg kan vere med nokon stad. Eg arrangerer Gla`dag og Julenattine og andre arrangement som eg vonar er til glede for alle som høyrer på og er med. Eg kan tilby medlemskap i NMF – Norsk Musikkorps Forbund, med godar som avslag på hotell, mobilabonnement og anna. Og ein får medlemsmagasinet ”Ambis” tilsendt fire gongar i året.

Eg likar når alle møter opp til øving og spelar i saman. Eg likar når alle har flotte uniformer på ved konserter og marsjering, då føler eg meg ekstra flott!

Du kan vere kvinne eller mann, ung eller gamal. Alle instrument innan janitsjar har eg, og eg kjøper gjerne eit instrument til deg……om du vil kome til meg!

Interessert?
Møt opp på Solevåg skule , torsdag kvelder   - kl.1930, eller ta kontakt med nokon av  mine flotte musikantar. Håper eg høyrer frå deg.

 Bill.merk;”Musikklaget Ekko”

 
Copyright 2016. All rights reserved.
Back to content | Back to main menu