On Broadway 19.10.2014 - Musikklaget Ekko

Go to content

Main menu:

On Broadway 19.10.2014

Aktiviteter > Konserter

Tekst og bilde er fra Sulaposten

Musikken som vi fremførte kom fra forskjellige musicals.
Mer om bakgrunnen for de forskjellige stykkene kan du lese om her :

___________________________________________________________________________________________________________________

Jersey Boys er ein jukebox musikal som dramatiserar stiftinga, successén og til slutt bruddet av rock&roll- gruppa The Four Seasons på 1960- talet.

Tittelen refererar til at alle medlemmane i gruppa er frå New Jersey.Frå 1970-talet vart gruppa kjend som Frankie Valli and The Four Seasons.
Musikalen debuterte på Broadway i 2005 og har sidan vore framført i nesten heile verda. EKKO spelar ein medley som er arrangert av Michael Brown.

_________________________________________________________________________________________________________________________________

The Planets (Planetane) er ein orkestersuite av den engelske komponisten Gustav Holst (1874-1934). Verket har opusnummer 32. Holst komponerte stykket mellom 1914 og 1916 for eit stort symfoniorkester.
Verket består av sju satsar, som har namn etter dei då kjende planetane, og musikken prøvar å gjenspegle planetane sin ”personlegheit” slik den kjem til uttrykk hos dei antikke gudane som planetane har namn etter.
Ein åttande sats, om planeten Pluto, vart komponert av Colin Matthews i 2000.
Suiten er eit eksempel på sein-romantisk programmusikk som i karakter liknar den seinare tilkomne store orkestrale filmmusikken og sin verknad på publikum
gjennom dei monumentale klangeffektane- og fargane av orkesteret.

EKKO spelar Jupiter Hymn som er arrangert av Johan de Meij

_________________________________________________________________________________________________________________________________

A Musical Fantasy av Ennio Salvere.
Stykket er laga på oppdrag for Kunstfactor i Nederland som ein del av Swinds Prosjektet (Swing for winds).
Dette stykket er basert på fleire velkjende musikkstil-artar som ein finn i musikalar.
Ein kan dele stykket opp i 4 ulike ”tema”:
1) overtyre
2) ein glad Allegro-  som refererar til ”Hollywood/Entertainment- music.
3) romantisk ballade
4) ein swingete, jazzy finale


_________________________________________________________________________________________________________________________________

Orions belte er ein typisk action-film, blanda med thriller, og reknast som den fyrste moderne norske actionfilmen.
Handlinga på kaia på Grønland vart spela inn på Ny-Ålesund.
Filmen vart laga under den kalde krigen og Norge vart sett på som ein liten aktør i eit storpolitisk spel. Av den grunn møtte produsentane motstand då dei viste manuset til personar som kunne finansiere prosjektet. Etter fire år fekk dei den finansieringa dei trengte.
Temaet og handlinga i filmen er ei blanding av politikk, action og spenning.
Filmen fekk Amanda prisen for Beste Norske film i 1985 og Geir Bøhren og Bent Åserud fekk Amanda for Beste filmmusikk. Samme år mottok Orions belte også Filmkritikerprisen.
Filmen er regissert av Ola Solum og gitt ut i 1985. Filmen er basert på romanen med same namn av Jon Michelet.
EKKO spelar ”Svalbard-tema” arrangert av Stein Ivar Mortensen.  

_______________________________________________________________________________________________________________________________

Musikalen er basert på filmen Pocahontas, ein amerikansk animasjonsfilm frå 1995 produsert av Walt Disney.
Handlinga byggjer på den romantiske legenda om indianerjenta Pocohontas og hennar møte med kolonistane frå Europa i Virginia, USA, i byrjinga på 1600-talet. Dette var Disney sitt fyrste forsøk på å fortelje ei dramatisk historie basert på ei sann forteljing.
Handlinga er ein del omskrevet i forhald til det som skal ha skjedd dei verklege rollemodellane.  Den indianske Powhatan Renape- nasjonen klaga til Disney av den grunn at filmen ga eit feil inntrykk av livet til Pocahontas.

Musikk av Alan Menken og tekst av Stephen Schwartz.
Arrangert av Jay Bocook.


_________________________________________________________________________________________________________________________________

Operafantomet av Andrew Lloyd Webber er ei tragisk kjærleikshistorie om ein vansira komponist som lever som ein skugge i det majestetiske operahuset i Paris, og som blir forelska i den vakre og unge sangerinna Christine.  Han blir hennar hemmelege og usynlege songlærar.
Showet hadde verdspremiere på Her Majesty´s Theatre i London i 1986 og er av tidas mest successrike musikalar.

All I ask of you
Christine har vorte skremt av operafantomet etter at ein scenearbeidar vart funne myrda, og ho flyktar til taket av operaen saman med barndomsvenen Raoul. Han lovar å elske og beskytte ho mot operafantomet, som lyttar til samtalen deira utan at dei veit om det. Vonbroten av å ha vorte avvist med forakt, lovar han hevn over Raoul og er årsak til at lysekrona i operahuset rasar i golvet.
EKKO spelar eit arr. av Peter Kleine Schaars.

_________________________________________________________________________________________________________________________________

Prinsen av Egypt er ein amerikansk animert musikalfilm frå 1998. Filmen er ei tilpassing av andre mosebok og fylgjer livet til Moses frå å vere prins i Egypt til å leie Israels born ut av Egypt.
Filmen vart nominert til Oscar for beste filmmusikk og vant Oscar for beste song for ”When you believe”.
Pop-versjonen av sangen vart framført under tildelinga av Whitney Houston og Mariah Carey.

”When you believe” av
Stephen L. Schwartz og Kenneth B. Edmonds.
Arr. Wim Stalman

 
Copyright 2016. All rights reserved.
Back to content | Back to main menu